Bris band

BRIS er eit band beståande av erfarne musikarar frå Bergen og omegn.

Orkesteret har gitt ut to CD-ar, 1 EP i 2011 og CD–en “Varme Vindar” hausten 2012.

“Varme Vindar” låg fleire veker på VG Lista, og fekk ein flott 8. plass på topp 40-albumlista.

BRIS oppstod i 2011, då dei fire musikarane Arvid Søreide, Arthur Lien, Geir Skjelnes og Trond Eide, frå danse/coverbandet Wapo, fant ut at dei ville gje ut eige materiale på norsk.

Dei fekk med seg Gunnar Engevik, som hadde ein del låtar liggjande. Saman fant dei sounden og uttrykket dei var på jakt etter, noko som resulterte i EP-en “De Fire Første”.

Dette førte til at dei fikk kontakt med Tylden & Co, og i starten av 2012 satt dei med sin første platekontrakt.

BRIS er mykje brukt på festivalar, dansetilstellingar og events. Dei leverer i tillegg til eigen musikk, røffe danselege versjonar av kjente låtar. Humør, høg partyfaktor og allsong går igjen. Bandet er også kjent for utåtvente sceneoppvisningar, smittande humør, god og klar lyd med behageleg “trøkk”. Etter ein kveld med BRIS, har orkesteret som motto at alle skal være “Svett, Sliten og Lykkelig”.

BRIS er:

Arvid Søreide: Vokal og Gitar

Arthur Lien: Trommer og kor

Geir Skjelnes: Bass

Trond Eide: Keyboard, trekkspill og kor

Gunnar Engevik: Gitar, mandolin

Laget og driftet av DigiFix DA - din digitale vaktmester | Vi tilbyr datahjelp i Oslo